Forside-2.-7.-nynorsk-butikk.png

Orddiktatar 2.-7. klasse Nynorsk (EPUB)

kr 119.00

E-bøker sendes til den e-postadressen som oppgis på bestillingen

Varenummer: 167 Kategori:

Beskrivelse

l dei fleste klasser og på alle klassesteg vil det vere nokre elevar som har rettskrivingsvanskar. l nokre tilfelle vil det vere så store vanskar at det er behov for omfattande spesialundervisning. l andre tilfelle vil det vere mindre vanskar som kan rettast på innan klassa si ramme eller gjennom tidsavgrensa hjelpetiltak.

Sjølv om lærarane er klare over at einskilde elevar har dårlegare rettskriving enn fleirtalet i klassa, er dei ofte interesserte i å vite meir om kor alvorlege vanskane er. Dei vil også ha betre innsikt i kva for nokre rettskrivingsområde som fell vanskeleg og korleis hjelpetiltaka bør setjast inn. Standardiserte prøver (normerte prøver, standpunktprøver eller kartleggingsprøver) er pedagogiske hjelpemiddel som er meinte å skulle gje betre forståing av ulike fagvanskar. Standardiserte orddiktatar må sjåast på som eit pedagogisk hjelpemiddel når det gjeld rettskrivingsproblem.

Det har blitt utarbeidd ei lang rekkje ulike ord- og setningsdiktatar dei siste 20 åra. Prøvene tek sikte på å fortelje noko om rettskrivingsvanskar på ulike klassesteg. Det føreligg også eigne rettskrivingsprøver til einskilde norskverk.

Ein del av desse prøvene er relativt gamle og høver ikkje lenger til Mønsterplanen. Andre prøver er så nær knytte til spesielle metodeopplegg at dei ikkje kan brukast generelt.

Frå fleire hald er det derfor kome ønskje om nye standardiserte rettskrivingsprøver. Serien «Orddiktatar 2.-7. klasse for vurdering av rettskrivingsvanskar» er utarbeidd for å gje lærarar, spesialpedagogar og andre eit nytt hjelpemiddel i arbeidet for å hjelpe dei elevane på barnesteget som har rettskrivingsproblem.